Denne dagen <3

"Kids!! Fakerten, dar kjem ho. Borte ved postkassane. Kan nokon hiva seg ut døra og plukka eit eller anna, helst rosa. DET er innertiar"

Husmora hørte enno gjenklangen i veggane då ho entra inngangsdøra og såg den hurtigplasserte rosa blomen. Gåva til mor <3  


Dette er gåva frå gubben <3 Skulle nokon reagera på at symmetrien faktisk ikkje er så verst så vil eg nett seia at eg mistenker det er Vilde om har sett ihop revebjøllå. Kommenatren hennar var nemleg, "Mamma?  Pappen sa det gjekk heilt fint med Revebjella men du har jo alltid sagt at den er giftig". "Når nauden er stor" kunne ein høyra det kviskra i veggane. 

"Men me har noko til dekå også" sa minsta trollet <3

Husmora og husfaren måtte stilla seg opp og to søte gull hadde noko på ryggen. "Ehm, me har liksom ikkje pakka det inn." Favorittbilete frå 080808 viste seg. Herleg!! "Ehm, ramma er brukt. Litt laus i eine hjørna men det heng ihop sånn ca" sa det eine gullet.


 

Husmora knakk saman i latter. Husfaren såg litt usikker ut før han byrja å humra men så stod dei der. Alle fire, lo og lo. På kjøkkengolvet med mykje rusk. Golvet husmora så fint hadde bedt nokon om å støvsuge medan ho var på jobb. Som om det var så viktig.

 Husmora følte seg faktisk heise heldig der ho stod <3 Glømt var både golv og rydding.

 

Dette var ekte kjærleik. Dette var ikkje fabrikkprodusert, symmetrisk og sjelefritt. Kva i vide verda kunne vera betre enn heimaplukka, ujamnt og stappa fullt i kjærleik? Lite, svært lite.



Dei sette seg ned og åt god mat husfaren hadde laga. Så for det eine gullet på scooteren, det andre forsvann inn i cyber verda og dei gifte sette seg utanfor med kvart sitt glas sprudlane medan sola-ola varma kjakane deira. Dei sat og såg på dei fire,fine hønene som tuppa seg i utegården. Snakka om dagen dei hadde hatt. Gleda seg til Molly skulle koma i hus om vel ei veke. Katten dei skulle få. Jepp. Dette var ei god stund i ein heim der ein sjeldan kjeder seg. I ein heim der allslags dagar lyt få koma, i ein heim der ikkje alt er på geledd. Men i ein heim <3

Gratulera med bryllaupsdagen til gubben og til meg <3

Me fikser dette ser det ut til <3

 

 

 

 

 

I trang tights frå Nike.

I skrivande stund er eg flau. Skikkeleg flau. Eg som har likt desse 40 åra. Men jaggu har dei sine teite sider også.  Gubben ligg og skrattar i sofaen. Eg berre står her, liksom framfor spegelet. Prøver å møta mitt eige blikk men det smakar dårleg. Me snakkar tights (sjølvsagt) , sports-bh (skulle no prøvt utan ja. Gud betre!) og gule-kule sko. Jada, eg har singlet utanpå. (sikkert trang den også, argh!!!) Eg er svimmel. Sjølvinnsikta har nettopp slått meg med bra kraft.  Flau ja, sa eg det ? Og gniten! Har vore i postkassen og funne restbeløpet eg skuldar dei som arrangerer Berlin maraton 2015. You heard me right. Eg! Eg skal vandra ,eigentleg springa rundt i Berlins gater ein gang i slutten av september. Eg! Saman med andre som er like hardt råka av 40 års krisa. Me snakkar sikkert om "hauavis" av menn og kvinner med grå striper i håret og nyshava legger i trrrrang tights. Sånn ein som eg har på meg no vil eg tru. Sikkert med lommene full av Sports bar, sunne nøtter (mest sannsynleg ikkje youghurt nøtter) og noko smart å drikka på Camel flaska si.

Kva i vide verda er det eg har begitt meg ut på? For det første er eg ikkje forberedt i det heile. Eg jogger kun avogtil.  Kun i fint ver, på ein god dag og helst når det er lite bilar på vegen. No skal eg altså jogga 4 MIL!!!!! Ein gang i september. Og det er ikkje gratis, lang derifrå.  Så no står eg her. I tightsen frå Nike. Nyshava. Flau. Gniten. 

Men mest flau.

(ingen bilete vedlagt)

 

 

 

 

 

 

Sjukt fin :)

Attåt huset med dei rare er det planta ein Rhododendron hekk. Den er utan tvil den finaste Rhododendronen husmora veit om. Nokon planta den i 1935, same året som gamlegartnaren på det glade gartneri såg dagens lys. Dei heldt seg godt, både hekken og gamlegartnaren <3 

Akkurat no er den på sitt aller,aller finaste. Rett og slett, sjukt fin! Eg er ikkje så heise god på meter og sånn. Estimering plar gubben ta seg av men han er ikkje heime no. Så eg stega opp 50 skritt eg. (Tileggsopplysning: 1,68 høg og 61-63 kg. Alt etter kor mykje chips eg har ete. Eg altså. Så får de rekna de som kan slikt.) Eg tenkte meg til at om eg står oppå meg sjølv iallefall tre ganger så er me sånn ca der i høgden også. 

Då eg ikkje fekk alt på eit bilete, tok eg ein video. 

video:video1435837075

 

 Skulle de ha lyst å sjekka opp "fenomenet" (virka`kje høg på hekken i det heile, kva ? :-P ) så bur eg 30 sek. før det glade gartneri på Litland. For å sei det sånn, de kan umogleg gå glipp av den då den ligg klint inntil vegen. Tut gjerne, eg vert så glad då :-) ( eit innbilt sitat frå Vilde på 17, søv leeeengje "dette ER IKKJE grett før 15:00)

Ha ein herleg,tropisk dag :-)

Lots of flower power løøøøv <3







 

 

 

Ei djup og oppriktig bøn til samtlege entrepenørar :-*

Om de synes synet av kvinnelege gartnara er finast når dei går krokbøyd, småsint og stiv så treng de ikkje lesa vidare. Men synes de at dei er finast når dei smiler, går med fin gange, mjuk i bevegelsane og eit flørtande blikk så les de vidare rett og slett.

Me skrur tida tilbake til onsdag morgon denne veka. Det er ein dag med nokolunde ver. Me er kledd i Hageland kleda våre, Gps`n er innstilt på sørfjorden og me susar avgårde for å få eit planteprosjekt i havn. Fem og seksti plantar står i kø. Flotte Brudespirea som skal bløma til neste 17 mai. Fleire pallar med bark og  ferdigplen skal ut. 

Gitt´n (altså meg) , sjefen( me kallar ho eigentleg for Kjos) , Tovis`n (ho som stadig vekk kjem inn og redda oss) og tre gullonga (våre herlege avkom <3 ) er på plass. Framleis rak i ryggen. Og glade for å få vera ein dag i frisk luft (om du ser bortifrå at nokon av oss absolutt lyt ha nikotin) Utstyr vert delt ut og ulike oppgåver vert fordelt. Eg og Tovis´n er gaaanske nøgde, blinkar litt til kvarandre og meinar Kjos`n vår kom litt dårleg utor dette utan at ho er heilt klar over det sjølv. Mhm! Den tanken skal me få svelga!

"KLOOOOONK" Første spadetaket er tatt. Feeelott! Kom sånn 2,5 cm under overflata før det syng i spaden. Stein ja, får vel nett ta den opp. 

Nokre timar seinare ser Tovis`n og Gitt`n ut som to store S ar, dei har lært seg nye ord og dei lyt dela på ein einaste spade. For spadar kan knekka. Og stein kan dei mykje om nett no. 

Eg ligg ved eit par bilete tatt av eine gullet medan salvane song utover vakre Haus....









Av heile mitt hjarta. Eg ber på mine kne!!!! Kan alle entrepenørar vera så vennleg å spandera meir enn berre eit par centi med jord oppå steinlaget ? Eg kan koma og visa dykk om de treng! Men for Guds skuld då! Spander meir jord på oss!!!! 


Okei, dette er ikkje meg frå mi beste side. Eg er galen her! Og trur de at dette er same steinen som på forrige bilete så er det ikkje det. 

I bakgrunnen ser de Tove, ho som får meg til å le som det kitler i knea. Framleis med eigen spade. 

Så kjære alle entrepenørar: Eg sei det ein gang til, GJE OSS MEIR JORD! Og skulle de trenga nye glosar om de også har noko som gneg er det berre å ta kontakt.

Med vennleg helsing :-*

 

 

 

 

I eit lite hjørne utan ugras og uro <3

"ARH!"  Sa den eine hærføraren av skvallerkålleiren til den andre. Godt irritert.  "No når eg følte me hadde skikkeleg taket på husmora". Vel, det  var jammen ikkje langtifrå men i ein liten krok attmed det store, kvite huset hadde ho funne seg ein plass. Jammen hadde ho det! :-) 

Eit skikkeleg "Girlpower Corner" der humla skulle få susa og husmora kunne få festa auga <3

Husmora geipa med den lange tunga si til skvallerkålslekta og avslutta med eit "HAH"

 

 

I eit lita,fin bygd <3

På sitt aller beste stod ho der. Rakgygga og flott. Pynta i sin finaste stas. Nokre har blåst opp ballongar, nokre hadde laga mat. Andre hadde dekka bord, sett opp telt og den mest sjarmerande portal verda har sett var komen på plass. Det var 16 mai om kvelden. Flittige små maur hadde stasa opp den gamle skuleplassen , bygda sitt midtpunkt til fest. Lokalet til Sion var nyvaska og klart. Små maur takka for "laje" og sa hade med eit "snakkast i morgon".

Bygda vår gjer meg stolt. 

 

Så vart det natt og ein ny dag var i emning. Våkna av solskinn på nasa. Flørtinga med Gislefossen hadde tydeligvis gjort under og turen til flaggheisinga på Åsheimveten vart ei fin oppleving.

Møtte på nokon med champis i sekken, flaks <3

Så sette me oss i bilen att. Eg og sjefen og susa tilbake til bygda vår. På med finstasen for å feira dette fantastiske landet vårt som me er så usigeleg heldige å få bu i. Dei raude festskoa stod og venta på meg. Ville uansett ver og vind feira denne dagen. Og dei holdt ut. Til "the bitter end" ;)



Ei eg kjenner godt, ei fantastisk klok venninne som bur i denne fine, små bygda vår skulle halda dagens tale. WOW! Det er ikkje ofte eg husker alt som kjem meg til øyra men denne talen sitt. Den sitt lenge og den sitt godt. Den hadde med seg alle element. Mest av alt vil eg hugse  "Om du ikkje er i stand til å hjelpa den som treng hjelp så gjer han iallefall ikkje ilt". 

 

Nokre timar etter var feiringa av nasjonaldagen omme. Det minka godt på premiane i alle leikebodene. Dei vaksne hadde tevla om å vera best i skyting og hestesko og fekk utdelt pokalar. Raude,kvite og blå flagg vart plukka ned. Ballongar vart sprekt og bjørkeris fann vegen i kvisthaugen. Golv vart vaska fritt for grus, kakerestar vart eten og blomar sett i brett. Bord og stolar kom på plass att i ungdomshuset.

Då dyna vart trekt opp denne kvelden hadde eg ein god,god følelse. Eg følte meg så stolt over denne vesle bygda vår.

Og DET  hadde eg jammen meg god,god grunn til <3

 

La humla suse :-)

La humla suse, tenkte husmora. Ho hadde nettopp innsett at noko nyklipt plen i anledning den syttande var ein draum for det som skjer hinsides realitetane. Ein nyoppdaga "vil ikkje på nokon måte virka" plenklippar stod stuck i garasjen. Gubben stod stuck i Nordsjøen og viljen stod stuck blant engkarsen og synest husmora skulle la han vera i fred.



Så då vart det sånn. Lange plenhår, glade humler blant alle dei lilla, små og kjempesøte blomane. Og ei husmor som fekk fire timar til overs saman med gullongane og ein pose med tyggiskuler medan favorittprogrammet rulla over tv-skjermen. 

GOD SYTTANDE <3

 

 

Jeger til folket ! (over 21. Juridisk og moralsk info)

At eg skulle verta ca 40 før eg oppdaga for ein fantastisk medisinsk effekt denne flytande veska har er nesten synd. Blanda i små søte shot saman med Battery over eit par timer ein laurdag og SVUPP!



Våkna sundagen som eit heilt aldeles nytt menneske. Etter ei veke der ein har proppa seg med Ibux og Paracet for å halda seg oppe så ein kunnne stella på dei som var mykje sjukare så hang laurdagsfesten i ein heise tynn sytråd av dårlig bomullskvalitet vil eg påstå. Men eg kom meg avgårde.  Ein fin venn skulle feirast <3


Klar for 70-talls party.

Jeger`n i veska innimellom eit par bokser med Battery. Eller Red Bull faktisk. Det har eg aldri drukke før av rein skeptisme men eg tok sjangsen. Følte etter veka eg hadde lagt bak meg at eg hadde fint lite å tapa. 

Kort fortalt. Eg fann ikkje heimattjakken før eg var den aller, aller siste att på dansegolvet. Gitarmoves, swing og ein del singeldansing (slepp å synkronisera takten med nokon då, funne ut at det er best liksom) MEN HJELPES KOR GØY!!!!!!!!! 

Og sidan har eg vore frisk!

Eg berre seier det  atter ein gang eg. Jeger til folket !

 

Med ynskje om ei riktig så god påske til alle som liker desse:

 

Måtte nokon dukka opp på trappa di også heilt og aldeles uventa med spesialplukka gule, kule sukkerhaldige herlige e-stoff proppa tyggisa.

Med jeger rester i blodet og e-stoff i magen skal dette jaggu meg verta tidenes påske :-) Frisk og ivrig!

Ein godt nøgd klem og sånn :-* 

            

 

 

 



 

 

Liten men viktig! Heise viktig!

I ei lomma i eit arbeidsforklede låg den! Frå ein torsdag formiddag til ein sundag ettermiddag. Utkvilt og klar for nye eventyr. Berre så synd at ikkje husmora ana at det var der den låg. Etter å ha vrengt alle dei 54 plastikkposane som låg trøkt saman i eit lite skåp. Etter å ha tømt frysaren for varer som kunne ha muligens skjult denne sårt sakna dingsen. Etter å ha spurt slekt,vener og sjefen om dei muligens hadde sett. Etter å ha lagt på alle fire i bilen med hovudlykta. Vrengt på stolar både heime og på jobb. Etter å ha tatt irriterande lange sovepauser om natta i rein undring og irritasjon. Etter å ha snudd sofaen opp ned,løfta på samtlege tepper og tømt samtlege bukse+jakkelommer i huset med dei rare. 

Etter tre dagar utan eit einaste "hit". På ein stengt blomabutikk i kommunesenteret i Lonevåg. DÅ!


Den finaste lommeboka i heile verda, kjøpt i Krakow av ei snill mor. 

EG FANN HO JAGGU MEG ATT!!!!!!!!!!!!!!!!!

For det hender seg at jula varer heilt til påske ja ;)

Det var tidleg laurdags morgon. Huset var stille, berre husmora som var våken. Hadde hatt seg ein liten tur i frisk luft og var litt sånn gira av den friske vårlufta som hadde inntatt lungene. Fridag på kalendaren. Kanskje på tide å ta fatt på den aller siste julepynten som framleis hang over kjøkkenøya. I år hadde jula fått leve veeeel lenge men husmora hadde rett og slett ikkje asa seg opp med det i det heile. Julakransen på husveggen ute var no vorten påskekrans og det var ho vel nøgd med. Kan lønna seg å vera litt ustrukturert iblant, faktisk! 

Men i dag var dagen til å fjerna det aller, aller siste glitteret sjølv om glitter skal seiast å vera ein solid favoritt.  "Eat glitter for breakfast and shine all day" Tenk litt på den ;)

Ho klatra opp på kjøkkenbenken og tok fatt. Fann fram allslags silkepapir, fjør og pittesmå,søte påskekyllinger. Ideen kom frå ein kjekk kar som var innom på rasper her ein søndag for nokre veker sidan. "Den julapynten din, Gitte?". "Jaaa, kanskje på tide å fjerna den synes du ?", svara husmora. "Nei, kanskje du heller skal lage julakulene om til påske kuler om ikkje så lenge" sa han. Knall ide! Og sånn vart det sådd ein påskeide i det surreta høve til husmora. 

Så vart kjøkkenet til dei rare omgjort til reine "Candy Store" Og rare som dei er så liker dei dette svært så godt :) 

Med eit fargerikt ynskje ut til alle og einkvar om ein laurdagskveld etter behov ;)

Klem!

The return of the SOLA-OLA :-)

For ganske nøyaktig eit år siadn sa eg det til han. Eg lova på tro og ære og han lova tilbake. "Om eg lova å vera snill, så snill som eg greier kan du då vera like snill tilbake og fiksa det finaste veret på bursdagen min? " Det var nesten så ein kunne høyra Bjørn Eidsvåg nynna i bakgrunnen. "Ja, det skal eg nok få til" svara han med si djupe røst. Eg hoppa opp, bøyde meg litt fram i svevet og smellkjøssa han på kinnet. Det spratt ein knapp i dressjakken hans men han meinte at det var det verdt. Så folkens, sjekk dette då :


I morgon vert eg einogførti heile år og den gjevaste gjesten kjem på besøk, SOLA-OLA is back :-) :-)

Tusen,tusen takk kjære,gode Gislefossen!!!! Eg hiv på eit I LOVE YOU!!!!!!!!!!!!!!!!

 

 

 

 

Ein uventa kveld lagrast, knallgøy!

Tusen takk til fotograf Storebø som spurte ei husmor på snart einogførti der ho stod i forklede sitt i blomabutikken! Og tusen takk til Hudpleie Monika, Lonevåg som laga denne garva husmora om til noko meir mystisk og flott. Eg STORKOSA meg!! Driiitkule bilete!!!! 

Så eg heldt beina fast på jordkloden og lar tyngdekraften gjera jobben sin ligg eg ved eit bilete tatt no! Selfie på sengekanten, fridag og kaffi. Har ein date med hårbørsten skal seiast :

 

 

Søndagstankar frå sengekanten :)

Når ein bur attmed ein veg type hovudveg for all offentleg transport så lyt det brøytast når snøen kjem som små bomullsdottar frå oven. Natt og dag vert det brøytt og tru meg, det sitt eg pris på! Kjempeflott er det! Berre heilt sånn for min eigen del så vart det litt lite søvn denne siste natta. Eg tenkjer så heise på litt djupare ting for tida. Og då søv eg lettare på eit vis. Våknar ein del og enno meir når tunge lyder kjem innpå soveromsveggen nattestider. Eg tenkjer mykje på førti åra eg er gått inn i no. Eg føler ein slags ro eg aldri har følt før. Som om grunnlaget er lagt. Dette med å forstå kven ein er, finne seg i å møtast på midten i alle relasjonar ein har, nyta heilt bevisst dei små gleder, ferdig med etableringsfasen, tung gjeld og dagar der ein ikkje fekk tenkt ut ein einaste tanke. Borna er vorten "store" men bur heime og det er den beste tida saman med dei nokonsinne. Mannnen er mannen i mitt liv trass i alle våre ulikheter, han er min bauta rett og slett sjølv om eg kunne vridd han avogtil. Sånn det skal vera og den følelsen sitt så godt. Eg føler meg trygg rett og slett. Eg veit me aldri kan kunne veta kva som skjer rundt neste sving men det skal eg ta når det dukker opp. Ikkje før! 




Så tenker eg mykje på arbeidsplassen min. På kommunesenteret, handlesenteret vårt. Utfordringane me lyt ta. Eg ser på to gode butikkar som no gjer seg. Bunnsolide butikkar som ligg inn årene avdi det ikkje går lenger. Det gjer veldig inntrykk på meg. Heilt sikkert mykje avdi den eine er mamma sitt livsverk. Tankane vandrar vidare og eg håper berre av heile mitt hjarte at folk forstår det er av stor betydning at dei tenkjer bevisst over kvar dei puttar inn pengane sine. Ingen treng å forsvare sine valg men eg vil dei skal vera bevisste sine valg. Me har i overflod av butikker i dette landet. Også når det kjem til handel har me nordmenn så vanvitiig med valg og muligheter. Då lyt me putta inn pengane i dei butikkane me vil skal overleva. Sånn er det faktisk!  Eg må skjerpa meg sjølv! Heile tida.




 

 

Då set eg på plass att dei gule joggeskoa eg fann fram i går kveld og finn fram vinterskoa. Her vert det av praktiske årsaker måking og ikkje jogging. Ha ein fin søndag alle som ein :-)

 

 

Ikkje tropisk, berre tomt!

"Håh" høyrte husmora frå kjøkkenet. "Dette ser jo ut som kjøleskapet vårt når me kjem ifrå syden". Yngste trollongjen hadde overnattingsbesøk og no ville dei finna seg kvelds. "Ikkje verst" tenkte husmora. Ho visste det låg litt tropisk ananas i ein eller annan boks inni dar. "Tropisk ja, lyst på ananas, kanskje?" svara ho muntert før ho innsåg dette faktum : Me snakka ikkje om tropiske frukter, me snakka om at kjøleskapet var nærast tomt!


Det var like før husmora fauk på butikken 21:30 i ull frå Janus`n men tok heller å klappa seg sjølv på skuldra medan ho smilte lurt til trollisane og sa "ein leve lengje på luft og kjærleik" 

Note til mor mi : Husmora skal fylla opp kjøleskap, kjøkkenskuffer og skap i morgon! Og trollisane fann noko å eta ;) ( Rista brød med fenalår og raudbeter, dei likte da! )

 

Med lite kontroll og mykje latter !

Ein ny morgon var i emning og foreløpig gjekk den som den skulle. Nett entra dørstokken på kjøkkenet då mobilen byrja å dirra. Klokka viste 07: 38 og nummeret kjente eg ikkje att. Arh! Mest sannsynleg ein sånn irriterande,provoserande og innpåtrengjande telefonselgjar. Til vane å blokka dei etterkvart som dei vågar å ringje men ein og annan ny vågal selgjar vert det no innimellom. "Hei, dette er Gitte" svara eg. Nett dratt ut brødskuffa. "Hei ja......" Eg kjente att stemma med ein einaste gang. Eg innstallerte kjapt røngtensynet mitt og traff kalendaren på veggen med ein ilraud uv-stråle. "F!!!!!!!!!".  Panikk,trafikk,kom deg fort som F i bilen knappen vart trykt i bunnen! Dette var slettes ikkje ein teit telefonselgjar. Dette var ein pliktoppfyllande,flink og grei mann som me skulle ha vore hjå for åtte minuttar sidan. "VÆÆÆÆÆÆÆTLÆÆÆÆÆÆÆÆ!. Kom deg ned trappa fortare enn du makter, mat skal du få i eit anna liv. Me må fyka NOOOOOO!" Eit eple fann vegen i jakkelomma. Ein kopp med kaffi frå maskina vart laga medan skolisser vart knytt og "off we went" Me sa ikkje så mykje i bilen, me var litt nummen vil eg sei. Det vesle som var att av timeavtalen vart innvilga pluss tolv minutter ekstra. Beklagar til ho som sat og venta litt ekstra på gangen. Det var min feil! Gubben er offshore og for å seia det rett ut, då går det litt over stokk og stein med oss!

Ligg ved ein illustrasjon av dagens frukost delt på to personar. Om sonen min var litt slapp og mangla energi i dag på skulen, this is why :-I

Så bar det avgårde til neste stopp. Busshaldeplassen i Lonevåg. Eg slapp av den yngste håpefulle, snudde bilen rundt og tenkte eg fekk stikka innom heime før eg for på jobb. Idet eg vrir bilen slår neste "du har litt lite kontrolll i dag, Rossland" tanken ned. "Tirsdag ja. Gym ja" ÅÅÅÅÅÅÅ! Utatt or bilen og småjogga bort til Vetle som flau tek imot eller ikkje tek imot den forkava mor si der på haldeplassen. "Kva e`det no då?"  mumla han. "Gym! Du kan ikkje ha gym i lave,flate sumarsko." sei eg sikkert med utestemmo mi. "Herregud  ....  " høyrer eg der eg vrir av meg joggeskoa mine og byter sko med han. På busshaldeplassen i Lonevåg. Blant venene hans og ein bil som står i gang, på skrå avdi eigaren var litt forkava. Ikkje flaut å vera snart 14 i det heile ....  


Sumarsko! Ikkje gymsko!

Så kan eg endeleg sitja retning mot huset til dei rare att. Måtte som sagt nett heimom før eg skal stempla inn på det glade gartneri. Tipper både lys,dør og det eg rakk å ta utor kjøleskapet står der eg forlot det. Eldste barnet mitt møtte eg i motsatt retning i tunnellen. Sikkert like sulten ho. Plar få niste med seg. Frukost også. Eg veit at barn på 16 bør smøra nista si sjølv men det skit eg i. Eg liker å stella i stand nista til ho. Men i dag suste ho nok avgårde sulten. Stakkars gullet mitt på den rosa mopeden, Eg kom på at eg aldri fekk gitt ho beskjed om ståa der eg møter ho. Ho sa her i ettermiddag at ho hadde stussa litt då ho kom ned trappa i dag tidleg. Alt var så stille og forlatt på eit vis. Men ho veit no kven som fødte ho og at ting ikkje alltid er på linja liksom. 

Suser heimom ja og inntar denne:


Grande Intenso gjer susen! Høgst nødvendig på sånne dagar! 

Då kunne dagen byrja på ordentlig.  På det glade gartneri og tradisjonen tru så har eg ledd så mascaraen rann og  magen verkte medan eg sat der og klappa som ein tilbakeståande selongje. For ei som heiter Tove, kjem innom i ny og ne ( okei då, Tove. Du gjer ein særs ypparleg god og høgst nødvendig jobb store delar av året) og eg refererer " Det hadde gått til H med heile denne bedrifta om eg ikkje kom innom avogtil"  sei ho. Ofta! Ja, denne Tove har  i tilleg til å vera flink og driftig eit sjukt konkurranseinnstinkt. I dag såg ho i augekroken sin at Edtih (ho som drikk kaffi for å ha noko å pissa på) var litt kjappare med å få stemoren i pottene enn seg sjølv. 

Her kjem ei lita forklaring : Me står og plantar saman brett for brett ved eit bord for så å flytta brettet med nyplanta blomar over på eit anna. Når då Tove ser at Edith ligg eit hakk høgare i tempo og er klar for å flytte over plantane sine så kastar Tove seg etter med sitt eige brett med nyplanta stemor (trudde ho) og smelte plantane på produksjonsbordet i same tempo som Edtih. Veldig viktig! Stod side om side gjorde dei. Eg stod litt månebedotten og såg på. "Kvifor går Tove med sitt brett no?" , tenkte eg først På noverande tidspunkt var konkurranseinnstinktet til Tove slått ut i FULL BLOMST. Damå stod der å hurtigplasserte tomme potter! Og ho såg det ikkje sjølv før eg grylte ut i latter. Tove bruker kraft utrykk på linja med ein hardbarka sjømann. I beste fall. Først vart ho heilt stille, litt løyen augena før glosane kom som perler på ei snor. Å herregud som me lo! No skal eg jobba med desse damene nesten heile dennne veka og skulle eg runda hundrede år så veit eg kven eg skal takka. For ein god latter  forlenger livet sa eit klokt menneske. I dag runda eg nitti moglege.

Bombesikkert :-)

Takk, Tove. Du er ein av dei som får meg til å le så det kitler i knea!

 

 

MINE tankar og følelsar kring eit opphørsalg




Det vart så heise nære denne gangen. Så trist føler eg. Så føler eg eit slags sinne, klump i magen. Synes det er så forbaska urettferdig at det er dette mamma og Rune sitt att med. Ei låst dør om ikkje så lang tid. Ikkje eit vellukka salg av ein flott butikk til andre som gjerne ville fortsetja. Eller eit aukande salg i ein butikk under blomstring. Neida. Rett og slett eit opphørsalg avløyst av tomme lokaler, svarte lamper og låste dører. Det føles ikkje greit. Det føles rett og slett ufortjent. For meg som datter til mamma har det til einkvar tid vore utenkeleg å handle både sko og klede på "hi sio" som me sei. Eller på netthandelen. Rett skal vera rett, eg  prøvde H&M for nokre år sidan i rein nysgjerrighet men det gjekk fort over. Bestille-betale-hente i post-heim og prøve-returnere det som langt ifrå og under ingen omstendigheter nokon gong kom til å sjå ut som det gjorde på modellane i bladet. Det vart eit styr av heile greia.

Dei gangane eg har trengt noko gjekk eg på Martine. Det var ikkje innan kleverda så ofte eg trengte noko for eg fekk no det eg ønska meg til kvar enda jul og bursdag. Til Gitte frå mamma, Svein og Karoline. Dei mjuke,store og gode pakkene full av fine klede eg hadde ønska meg. Sånn ellers fekk eg arva klede etter mamma som er nøyaktig like høg i høgden og brei i bredden som sitt eldste avkom. Flaks for meg! Skikkeleg flaks! Men at eg har latt meg freista innimellom. Det har eg. At eg har funne mykje gåver til slekt og venner, især mannane (for dei er det verkeleg vanskeleg å finna noko anna enn klede til) Det har eg.

Eg vert litt sånn " Kor i himmelens navn og rike skal eg kjøpa sko no no då for eksempel ??? " Eg som berre pleier gå inn på Martine, få hjelp av dei som kjenner meg. Du har sånn fot, dette merket passer deg. Prøv denne du, satt som ei kula. Tek den og ferdig. No må eg køyra noko lenger. Tenka sjølv og gjera vurderingar som vil sitja tålmodet på prøve. Arh!!!!!  Det er to par sko eg kan hugsa å ha kjøpt på "hi sio".  Det var fotballsko til Vilde. For det hadde ikkje mormor desse to gangane i Vilde sin str. Eg tråla XXL, G-sport +++ og fann NADA! Så kom eg på at svogeren til kusine Trine har sportsbutikk. Ein liten, fantastisk fin butikk i sportsverda. Sport 1 heiter den. Og der fekk eg god hjelp du! Utvalg hadde dei også. Så den andre gangen me skulle kjøpa fotballsko så var det rett bort der. Eg veit no kor eg skal gå etter kle og sko i sportsverda. Der eg får god hjelp og forståelse for det eg treng. Sport 1 i Åsane. 

Men alt det andre då ? Finsko, brukssko, tøfler +++ Eg føler meg rett og slett hjelpalaus! 

Og litt sint igjen.

Oppi allle desse ikkje så heise positive følelsane er eg samstundes stolt! Fytti rakkar`n kor stolt eg er over at mamma og gjengen har fiksa 28 år i ein bransje som har vore dalande dei siste især ti åra. Jammen er det mange som har måtta stenga dørene etter netthandelen såg dagens lys. Det har kosta mamma utallige dugnadstimer. Høg arbeidmoral er eit nødvendig onde skal du styra ditt eige skip. Det er iallefall heilt forbaska sikkert! Ei anna stor utfordring har vore  oppbygging av konkurrerande senter. Kor mange treng me eigentleg i dette landet spør eg meg ? Store flotte senter med tilbud for alle og einkvar under same taket. Lett og grett. Parkering, mat og handel på ein og same stad. Kjempeutfordring for dei mindre butikkane i meir grisgrendte strøk. 

Kvifor vart det sånn eigentleg?  Martine er ein utruleg flott butikk. Turistane og hyttefolka har skrytt år ut og år inn. Andre også men især dei. Har me som kundar vorte for kravstore? Er det verkeleg sånn at kunden alltid har rett? Er alt butikken sitt ansvar?  Er det viktigast å finna det billegaste uansett kor langt ein må reise? Me vil ha det billeg men det skal jaggu vera kvalitet? Hm! Eg har ikkje svara. Men eg veit at for Martine sin del så har dei tatt valg som gjorde at dei levde lenger enn dei ellers ville ha gjort. Barneklede for eksempel. Måtte etter fleire år med eit tydeleg tap innan den kategorien kutte ut dette.

Nokon har nevnt at herrekleda vart for dyre. Er verkeleg 400.- for ei skjorte dyrt i dag? Det var iallefall det eg betalte sist. Eg berre spør. Eg synes ikkje det. Men no skal eg ikkje gå meir i detalj her. Eg skal finna meg i det som har skjedd. 

Eg hadde berre unna mamma og gjengen så uendeleg mykje meir! Og eg kvir meg noko heise til å måtta ligga om handlevanane mine. Sånn!

Med ei svært sterk oppfordring til alle der ute. Vær så vennleg å tenk gjennom kor de gjer handelen dykkar! Og som bror min sa her, når "arvtakarane" kjem, vær vennleg å sjekk fyrst der kva dei har å tilby før de tek brua eller ferja over for å finna det de treng. 

Me treng dei lokale butikkane , det er eg heilt sikker på. 

Takk for meg!

 

 

 

Den 17 morsdagen <3

Nokon dagar er rett og slett så gode i sin start at det er på slikt vis at ein fysisk kjenner ømheten i hjarta. Dette er ein sånn dag <3 Kvart enda år i sytten år har eg vore så utruleg heldig å få feira morsdag saman med desse to små trolla mine som riktignok ikkje er så små lenger. Men dei får plass i senga enno og dei veit nøyaktig kva som gjer mamsen i huset med dei rare glad <3 Den gode gubben hadde lurt seg ut av huset saman med desse to før han reiste på plattform. Tatt turen innom den lokale blomabutikken og den lokale matbutikken og sikra seg godsaker som ligg dette husmorhjarta nær <3

Eg har brukt frasen før. "Kvalmande idyllisk" Jepp, dette er idyllisk! Lyset til høgre her har minste trollet lurt heim i hus i dunjakkelomma si. Kjøpt med oppsparte mynter  .... sukk altså <3  


Sjå her då <3 Vilde som vanlegvis et frukost ein gang mellom 13-15 i helgene hadde vekkerklokka på 07:00 !!!!!! Eg er rørt , svært rørt <3 OG djupt imponert. Riktignok slått på slumring fram til 08 men då tusla ho inn til Vetle og vekte han. Og eg fekk frukost på senga. 


Sukk igjen .... Gullegod :-*

Så, ei kvalmande idyllisk helsing ut til alle mødre av alle slag. Grattis! Me fortjener denne dagen! Det kjem andre dagar så denne trykker me ctrl-alt og lagre knappen på. Lagrast i høve,hjarta og for min del også på pc ;)

For å jamne ut idyllen litegranne. No er det like før eg står opp og lyt rydda oppatt alle fat, smuler, nøtteskall og klisseta brus (klart me kan drikka brus på morsdagsfrukosten!) flekker sjølv. Og første servitøren har kubba i horisontalen att medan andre servitøren har gått djupt inni cyberverda. Eg trykker på mac`n og drøyer tida liiitegranne til. For det er ei fin verd , morsdagsverda før ein set føttena på golvet ;)

 

 

 

 

 

Ei vennleg påminning ;)

Til alle som har ei mor, svigermor, stemor, bestemor eller ei mor av eit anna slag dei kunne tenkja seg å gje kaffi på senga, gjerne litt kake og ein fin blom:

DET ER MORSDAG PÅ SØNDAG!!!!!!!!!!!!!!!!!!!






Eit lite avsnitt kun tilegna det hannlege kjønnet (trur eg) : Me mammena ELSKAR morsdagen!!! Uansett om de høyrer "Det e`kje så nøye". "Går fint om me berre går ein tur saman" eller "Det heldt om de husker bursdagen min"     ME LYG!!!!!  Eg gjentar, me mammena ELSKAR morsdagen :-)  Argumentet "Det e`kje mi mor" heldt ikkje eit milligram. For om kånemor ikkje er di mor så er ho "MOR I HUSET" <3

 

Det er ikkje å stikka under ein stol at eg er godt over gjennomsnittleg glad i blomar. Helst rosa-lilla med glitter attåt. Men eg har faktisk enno til gode å oppleva at nokon ikkje vert glad for ein blom. Så folkens, her er eit lite utvalg av det butikken vår har å by på til morsdagen :-) Eg har vore på gartneriet i dag saman med Edtih og Henriette <3































Med vennleg helsing og eit inderleg ynskje om frukost på senga fyrstkomande søndag ;)

Face the facts!

Tudeliduttantei! Sånn ca. Det pling så fint i mobilen min der den ligg på dagens lading attmed kaffimaskina. Hm, artig og koseleg er det.  Dette er jo ein sms lyd. Ikkje kvar dag det i desse snap, messenger og quizkampen tider. Ligg meg på sofaen etter atter ein dag med mursteinsmiddag og skal kosa meg med å svara. Så kjekt då. Sikkert nokon eg ikkje snakkar så ofte med dette då. Eg les. To ganger iallefall. Nøye og sakte les eg. Blinkar dobbelt og les ein siste gang. Snur på mobilen, dreg av beskyttaren og sjekkar skjermbilete. Min mobil?  Djupt beklageleg så er det rett mobil eg har tatt med meg til sofakosen. Og dette er kva eg skulle kosa meg med:


Eg synes eg høyrer søstre mi på snart 22 ! Ho ler høgt!!!!!!! Nei, meldinga er ikkje frå ho men frå ein stad i Bergen by der eg for berre nokre veker sidan var på ansiktsbehandling. Eg følte meg no heise så flott og snasen då eg gjekk ut døra deira 2000.- fattigare. Eg er sikker på eg tørka ei ekte tåre på noverande tidspunkt. Treng eg meir liksom ???? Var det sånn å forstå. Sette dei meg på ei liste over trengjande då eg tok på meg att skoa. Botox, liksom ???  ÆÆÆÆÆG?  Nett fyldt 40. Dei sei det er det nye 30. Jaggu sa eg smør. Akkurat no ser eg søstre mi foran meg igjen.  Ho ligg krølla på golvet og hikstar! Neida, ho er ikkje her. Ho er i England for tida men eg høyrer ho! Ser ho. 


Face the facts Rossland! Midt i fac`n faktisk! Det vert ikkje Botox på meg men det skal seiast. På denne dag. Den andre dagen i februar 2015. Då vart eg gamal! 

Takk ungdom. Takk du milde vaksentilværelsen. Hello Oldiser. Hello nylonstrømper, portvin og kamfer.

No kjem eg!!!!! 




 

Klinkande koffein!

Når desperasjonen tek deg til margen som eit dragsug av koffeinmangel. Når du nestan ikkje veit kva disippel du skal kvila tyngden på for du maktar ikkje venta meir. Då har du ikkje tid å venta på at vatnet skal verta varmt på vedovnen eller at nokon skal svara på sms at dei har straum. Då skjer det ting du veit er desperat. Aldelses desperat. Ingen klok eller gjennomtenkt løysing. Berre ei handling. 

Då skjer nemleg dette at denne husmora kasta opp kjøkkenskapet attmed komfyren for der står denne "redninga" 


Flott innramma av allslags rot eigd av både husmora, husfaren og dei to "snart vokse oss over høve" trolla.

Det raude klistremerke lyste mot meg kun som ei redning.Hjelpes!  Tidlegare lyst mot meg som type dårleg pulverkaffi. Står til lagring på ubestemt tid.

Eg treiv til meg boksen, fann ei skei og kasta innpå skravle"hålet" nokre skeier av sådan pulver. Slengte kroppen i ein bue til venstre der tappekranen var. Takk og lov vatnet ikkje trengte straum for å pressa seg gjennom røyra. Eg drakk ein del.

"FYTTI RAKKAR`N" Kjem på topp ti, nei topp tre lista over dårlege, svært dårlege idear! Koffein hadde eg fått. Det var bombesikkert. Magen danna ein heil symfoni av ulande lydar neste timen og eg lurte heise på kor hen det bar  ......   

Sendte ny sms til det glade gartneri der sjefen og Edtih skulle vera. Meinte eg. Ordla meg som eg måtte om dei skulle forstå. "Har de straum der nede? Treng noko å pissa på"  Edith svara :-) Men ho var heime, hadde fri. Bur litt lengre vekke.  MEN SÅ veit du tikka det inn ein messenger frå ein god nabo. Kunne fylla opp termosen min!  Hadde lese stausen på facebook som gjaldt den desperate pulverkaffi løysinga mi.



Sånn ser eg ut når eg er redda!

(Skal forrestan ta på ny neglelakk i dag. Ser det no! )

Ha ein glad dag alle der ute. Gislefossen sei me skal få flotta oss med sol og blå himmel her på Vestlandet i dag. Men eg skal vera inne og lage rasper avdi nokon veit å smiske !! Jaja. Då vert no gubben mett og HUSKER MORSDAGEN NESTE SØNDAG!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!

Til alle utan straum : Gje meg ein lyd om eg skal fylla termosen til dykk. Gjer det gladeleg. Koffein er på linje med mat og kos høgast nødvendig skal ein koma seg gjennom dagen!!!!!! 

 

 

Eit herleg kaos :)

For i dag suste eg avårde i Saaben sånn kvart på tolv for å stempla inn i blomabutikken tolv.Det var min tur til å traska rundt på ettermiddag og kveld. Eg tør nesten garantera at det ikkje eksisterer ein einaste farge i denne verda som ikkje var å finna hjå the Litlands i dag. ME HAR FÅTT SÅ MYYYYYKJE FINT!!!!!!!!!!!!!!! Eg har pakka på plast, krølla på papp, prisa så blekket vart tomt og smånynna så eg måtte stoppa meg sjølv. Eg tok ein haug med bileter og dei har eg så lyst å visa dykk. Eg vil påpeika at desse vart tatt før plast,papp,brett og anna vart endeleg trilla bort i bosset og det skal seiast at eg vart ikkje ferdig. Men skulle det freista nokon med noko nytt i vasen eller dei tomme pottene etter jul så er de så heise hjartelege velkomne innom <3

Då tei eg still og fyrer laus med desse bilete av ymse kvalitet. 

Den aldri sviktande gullranken attåt phalanosis orkideen og prisme hjartene våre :)

 





Dette er "touch me" Primula. Den er allergivennleg. Difor namnet "touch me" 



NAAAAMMMM !

 


Mykje!



Og enno meir !

 



Fine, fine Eucharis. Nydeleg som ein einsleg stilk i ein enkel vase.

 


Her har ho som tek helg litt tidleg ;) utfolda seg og laga gode ting for auga <3



Levande lys og dekorasjon i ein og same vase.

 





Perleblomen og Vandaorkide saman. Det nærmar seg vår !



Enda meir plast og brett men viktigast av alt - NYDELEGE PLANTAR!!!!!



"Touch me"



Årets fyrste møte med denne vakre skapningen er ubetaleleg. Og husk, denne varer ikkje lenge.Det er likt for alle! Tenk då på at den gleden som er kort er desto meir intens. 



Primula :-*



ÅÅååååååå. No får eg lyst på jobb igjen!





Nei, no kom visst to bileter like tilogmed på rad her. Det får stå til. Kan umogleg verta nok.



Wild Flower orkideen og Miltonia orkideen framleis i plasten på tralla. Men eg fekk litt av dei på plass før klokka klang sju :)


Beklager snikreklamen men eg hadde då altså greidd å slette nærbilete av Wild Flower orkideen som eg hadde på mobilen. Mhm!


Trur me må fjerna den raude Amaryllisen der ja ;) Men du veit-er du glad i bloma så gjer det ilt så fin som han er der han står så håpefull og rakrygga. Sånn ellers- det bugnar i flotte blomar!!!!!



Berre lyden av tulipanane no   ......  mmmm  .....



Fint med litt duse farger innimellom.



Gerbera <3



Bregna må nesten vera den mest frodige og fine grønplanten eg veit om.Den som tåler alt blomen, Ildtopp i forkant.



 DETTE er lyktene ! Grrrrrådig fine!



Sjekk den lilla orkideen på högre sida. Det er for utruleg men fargen er ekte! Fantastisk! Ei artig utgåve av St.Paulia foran.






Dendrobium heiter desse orkideane.

Då suser desse bilete ut i cyber verda og eg suser oppi senga til varmeteppet mitt. Snakkast over blomadisken då ;) 

Klem frå meg :)

 

 

Takk, Nina :)

Vel. Denne husmora treng vel ikkje akkurat takka deg , Nina. For du vart litt voldsom av deg rundtomkring. Det hadde holdt om du kun sendte litlasusto di eller liknande. Sånn som du har gjort desse siste dagane. Difor takk :) For i huset hjå dei rare skjer no saker & ting som under andre verforhold ALDRI ville skjedd. 

"Fint ver å vera inne i" sa ei koseleg dama her i butikken om dagen. "Det har du jammen meg heilt rett i".  Husmora hjå dei rare lot denne frasen lima seg fast. Sette seg i Saaben etter endt arbeidsdag. Godt nøgd med seg sjølv. I posen frå Rema på setet attmed hadde ho egenhendig handla inn ulike ingrediensar til ein Foccacia ho ville laga til kvelds! Hjelpes! Ho hadde fått oppskrift hjå ei dame som var så snill å senda ho sms den gangen ho stod i beit. Hadde lova seg vekk på å bake Focaccia. For det var sikkert lett. Ugh! Iallefall fekk husmora fleire gode tips og valgte den gongen den lettaste. Smellgod men akkurat denne dagen her  då vinden ula og regnet slo mellom tordenbrak ville ho avansera. På kjøkkenet ???? Ho fann fram att sms frå 1 desember i fjor. Las oppskrifta og sette i gang.  Naaaaaaam!!!!!!! Dette vart ein høydare! Takk, Monika :-)  Ei Focaccia avansert husmor er ei stolt husmor. 

Eit ukjent stykke bakverk sånn normalt sett men vil gjera seg til kjenning frå no av. Sett i lys av at verforholda er ufyselege.

 

Dagen etter Focaccia dagen skulle ikkje husmora stempla seg inn hjå Litland Blomster. Flaks! For no var det litlebroren til Nina som hadde komen innom Vestlandet. 

Og sjå kva han fiksa:

Bodrydding! 

Og enno meir bodrydding! Eg veit - de kan sjå hovudlykta mi heilt nede til venstre. Eg tok meg ikkje tid til å bruka Moldiv appen i dag. Må rydda!

Skapet ingen turte opna då det alltid kom kvelvande ut alt av remediar innan varme hovud, hånd og fotplagg. Tilogmed nokre heile og nokre knuste julekuler. Påskeharer og gule kyllingar utan fjør. Pluss ein haug med øydelagte solbriller, hårklemmer og tomme syltetøyglas  (???)  var å finna her. 

Så dei rare strekker ut ei takksam hånd i fellskap til Nina sine småsyskjen :)

God helg til alle og einkvar.

Synes de at husmora har vore irriterande og provoserande "flink" no så kan ho lova dykk at så snart Sola-Ola dukker oppatt så er det beint slutt :-) Punktum!

 

 

 

 

 

Ein mandag to remember ;)

"Eg liker å leva i nuet og i dag ville eg på tur i Kossdalen" sa den eine. "Eg er ikkje så redd torden og lyn eg, berre eg ikkje går åleine" sa den andre. "Hjelper lite å sei når me ligg under kistelokket" sa den tredje. Det var meg. Husmora frå Bysheim.Ho som stod bak kamera då dette bilete vart tatt. Før ho vart redd.




Bt.no og samtlege aviser og andre nyhende kanaler hadde gått ut med ulike åtvaringar me alle tre anten ikkje hadde fått med oss eller valgte å ignorera. Å Gud kor eg angra. Tenk kor grualeg teit om det dei satt i kyrkja å kviskra då eg låg ut på mi siste reis var noko sånn som "ho burde no visst betre" huff. Katastrofetankane sat skikkeleg laust på noverande tidspunkt.  Den fyrste av oss gjekk med bestemte steg. Den andre fugte på. Eg gjekk no hon meg ikkje tilbake til bilen åleine så eg traska bakerst med nasa same vegen som dei foregåande. Skreik til med høgastemmo mi då blitz nr. to lyste opp himmelen over oss. Kjende hjarta hoppa utor flisen men det gjorde visst ikkje dei to stk hjartene foran så her var det berre til å gje på. Då tredje blinket kom trudde eg at døden var nær. Nesten! 

Men me overlevde alle tre og kunne nøgd reisa heimatt. Pjoff, flaks. Skikkeleg flaks!

Heime fjerna eg kalde, våte klede, dumme katastrofe tankar og ein tom mage. Mett og god låste eg meg inne på badet. Fann fram julegåva frå søss og laga skum i boblebadet. Kvardagslykken var berre ein liiiten likør unna no. Den fann eg . Nokre få cl med magi på ein mandag. Love it!

Det er noko med det å låse seg inne på badet. Som om alt ein ikkje vil forhalde seg til kan vera att på utsida av denne bade døra. Fantastisk følelse. 

Sei`kje meir. 

Takk til Ann-Kristin som veit å laga noko svært godt utor ein boks med jordbær :) 

Okei då! Takk for turen Sjefen og Veronica. Eg er glad me overlevde ;)

 

 

 

 

 

13 dag jul <3

Det summer i leggane i det ho sender minste trollet opp ein etasje. Lettare motvillig går han opp. Treng ikkje passa seg for alle dei ulike nissane,sledane og malte telyskoppane som stod på rekke og rad denne kvelden. Juletrappa sitt innhald er varsamt pakka ned att i kassane sine mellom gamle og nye aviser, juleservietter og silkepapir som fulgte med denne julas pakker.

Likeså med alle dei lilla,turkise,rosa og grønne julekulene som hang på grantreet. Det heldige treet som fekk så vakker ei siste oppleving at det fekk pynta seg med den finaste stasen dei rare hadde.




Alle englane på englebordet har lukka augene sine og funne vegen på boden også.




Mykje glitter er blåst bort, støv er tørka av allslags flater og ny stas er komen på plass. Mange glade farger pryder heimen og Primula blomen har fått sin plass som seg hør og bør.




Det vankar von om lysare tider. Våren er nære. Den håpefulle våren <3  

Så no summer det godt i leggane ja. Ei fin summing i bunn og grunn. Dei rare har eit hus på fire plan og tre av dei er i bruk dagleg. Det vart nokre turar på opp og ned med alle kassane denne fine dagen. Takk og lov det fall på ein fridag, denne 13nde dag jul. Det var det ho var vant med frå barndommen sin. 13 dag jul skulle jula sjå sin ende. Går ikkje sånn kvart enda år men i år. Men pynten over kjøkken øya heng på sin plass framleis. Sølvkulene, ballerinaen og hjarte frå Nathalie.  Greidde ikkje ta den vekk. Den er så god å kvila augene på når kvelden lister seg på tå inni stova <3

 

 


Frå det vesle rommet med den vesle doen. Eit hjarte av gull trengst heile året. 

 

Både lys og varme. 

Det er så fortryllande vakkert med glitter at denne måtte få leva vidare.

 




God natt, då tek denne husmora med seg summinga si og vandrar opp same vegen som minste trollet sitt. Godt å finna den varme senga og den mjuke puten <3

 

 

 

På salg hjå mammo mi :)

Bror min sa det, "noko mannekeng vert du aller" ;)

Har vore på salg i dag hjå mammo mi. Mammo mi har ein klesbutikk som har kledd meg opp sidan eg var 12 år til dags dato. No vil eg nett påpeika at morgonkåpa eg viste meg fram i her om dagen er også frå "Martine" som butikken heiter og eg må berre nett hiva inn ein beklagelse til mammo for at eg på så heise lite grasiøst vis viste meg fram i denne. Men intensjonen min var aldri den at eg skulle visa meg fram for "folket". Det fixa bror min og Synnøve (den medsamansvorne) heilt på eigenhånd. 

Men så var det i dag ja. Eg er skikkeleg fornøgd. Og gler meg voldsomt til morgondagen då eg tenkte gå i trøya eg sikra meg i dag. Tenkte som så at mammo fortjener verkeleg eit innlegg der eg viser fram denne trøya eg er så nøgd med. Eg lar Vilde ta eit framifrå (ojeeee) bilete av meg med trøya på. Kanskje eg skal hoppa glad opp i lufta medan ho knipser det eine gullbilete etter det andre. Eg ser innom ein og annan blogg at akkurat det er stilige saker. Opp i lufta,sveva heilt naturleg med kunstneriske bevegelsar fanga i eit perfekt sekund.

Vel- her er resultatet:

La meg sei det sånn. Det vart tatt maaaaange bilete. Dette var, tru det eller ei, det beste Vilde makta. Og det stod ikkje på ho! Stakkars mammo mi. Den fine butikken hennar med alle dei fine,stilige og tøffe kleda fortjener så mykje betre. Men sorry mams, this is what you got <3 

Eg ligg ve eit bilete til eg. Der viser no den fine trøya iallefall :) Hurra!

Salget starta i dag folkens! Det er mange godbiter att!!!!! Til dekå som lyt over fjorden for å koma til Lonevåg her i Osterøy kommune. Det er vel verdt turen! Mammo mi er heilt fantastisk flink. Så er dei ho jobbar med. 

Løp og kjøp. 

Om nokon skulle reagera på at ein utdanna gartnar har så stygg ein palme heime i stova si som den de ser her til høgre for meg så vil eg påpeika sterkt at dette er ei gåve til husbonden få ein gjeng kjekke damer. Dei meinte gubben er god på livredning antageleg. For tru det eller ei, palmen såg langt verre ut då han kom i hus her i juni. Jepp, eg veit at potta ikkje passer!

Sånn ;-) Då heng eg trøya (som likna bra på den eg skulle strikka i Skappel boka) fint ifrå meg på badekarskanten så ho er klar til ein ny fin tirsdag.

:-)

Fekk så lyst å visa Vilde sine kupp :-) Ho er skikkeleg nøgd ho også ;) Heldige jenter :-)


 




 

 

Nyttårslovnad ja ;) pluss ein dag i morgonkåpa ;)

Alle må jo ha nyttårslovnader. Eller eigentleg vert det fleire og fleire rundt meg som seier at slikt driv dei ikkje med. Liksom at livets realiteter har ei lita klo rundt dei. At dette med å lova/ønska seg noko når me stemplar inn i eit nytt år det er ikkje for dei. Føler det kjem med alderen dette fenomenet.




Men eg har no iallefall flagga høgt at eg har ein lovnad! Eg skal nemleg læra meg å redigera bilete! Stemmer! For uansett kor mykje eg prøver så er det få bilete eg klapper meg sjølv (eller andre for den del) på skuldra av og nikker annerkjennande sånn "detta fixa du aldeles flott, Rossland"  

Eg limer inn at dette bilete eg laga meg på sjølvaste nyttårsafta der eg låg i senga og nytte ein "Grande Intenso" Altså ein diger Espresso laga på mitt nye maskineri <3 


Eg følte faktisk at det vart ok. Heilt til all teksten berre forsvann bakom bilete. Forstod absolutt ingenting! Prøvde att og att og att.Brått som i eit tiendedels sekund poppa dei framatt alle som ein. Som om alle bokstavane hadde planlagt eit slags komplott mot meg der dei stod og lo bakom det idylliske "Grande Intenso" bilete mitt. Jada eg gjorde det eg kunne for å sletta men ikkje kul om det gjekk. Så difor : Dette skal eg læra meg innan neste nyttårsafta! 

Heilt på tampen her hiv eg inn eit nytt og kjærlig "angrep" frå lillebror til meg <3 Eg ler så eg grin! 

 

 

Kjære stora søsto mi.Gitte-Mari Rossland
No kom da ei passande anledning til og legga inn ein liten historie øve kor stolt eg er øve deg. 
Du har jo starta og skriva sånn blogg ting, men eg føler du er litt for lite flink og reklamere før deg sjøl på ein måte. Bloggen er gammel og etter bilde som ligger ved her og bedømme ,ser de vertfall ikkje ut som om desse store kjente kles produsentene heilt har oppdaga deg 100% endå. Men eg trur du er nermt nåke stort,( har truen inni meg).
Eg ser jo på klærne at du sikter deg inn på kontrakt med dei felaste produsentene i heile verden.
Slåbrok som me sei, mrk ELLOS. Eg har sjølv sett ho i katalogen, kontrakt med dei?? Tviler.
Raggsokker fra CUBUS, lite sannsynligt at det er nåke og hente der.
Sko, ukjent merke. Mest sannsynlig kjøpt/eller levert fra Martine Ide Sko AS,penge kontrakt der?? Tviler, er me heldige får me sikkert gå sånn mannekueng før Mutter'n er pensjonist.. Tjohoooo;)
BH produsent -ingen,ser ut som om du kanskje har gløymt den att inne på badet denne morgenen!!:-)
Så det som eg vil skryte litt av er det at eg er så fornøyd med at du sjøl har innsett at dine glansdager er forbi. Eller eg har vertfall skjønt det.
1. Du har begynt og baka ting som me kan eta, og med god smak. Detta kunne du berre ikkje før.
2. Du strikker flotte greier som passer på folk og kropper, og ikkje minst varmer oss. Flott er dei og til tider.
3. Du har oppdradd ei flott jenta som no er begynt og gå ut på festligheter.
4. Du lager gode middager, kunne du heller ikkje før.
5. Du trimmer som ein galning og sprett i fjellet, nåke livskrise greier?? Gleder meg vertfall til eg event får den.
Trur eg kunne holdt på i Evigheten.
Bra med skryt no eller ka sei du??
Men det eg egentlig vil fram til her er: 
Du startet sikkert bloggen for og få kontrakt og sånn med Moods of Norway,Norsk Pelsindustri og Peek o.l.
Men om me no putter fingen i jorden, ser nøye på bildet. Leser nøye og grundig gjennom alle 5 punktene eg har skrevet ned til deg..
Du trur ikkje me berre sku hørt med Hjemmet og Norsk Ukeblad om dei vil sponse deg med ull og strikke oppskrifter, føler eg må hjelpe deg inn på rett spor her!!!;)
(Photo Synnøve Litland)

 

Vil med dette ynskja alle som kik innom her eit riktig GODT NYTTÅR!!!!! 

God,glad og sværa klem frå meg <3


 

Godt nyttår :)

Nyttårslovnaden min i år lyt streng tatt vera det å læra meg bilde redigering  :P godt år!

Ei eletrisk redning.

Eg frys. Men eg understreker sterkt at eg ikkje klagar. Eg berre konstanterer altså! Dette med ver og vind er faktisk det minste me nordmenn bør takle når me ein gong er såpass heldige å verta født i verdas beste land å bu i. Meinar no eg då. Med denne frosten kjem det jo eit fint lys sidan snøen legg seg og mørke er ikkje dystert lengre men meir sånn trollsk,blått og fint. Verkeleg fint. Men eg frys allikevel.




Eg har gode klede. Treng ikkje frysa heila tida men det er enkelte og uungåelege situasjonar der ein rett og slett frys uansett.

Eksempel i dusjen. Eg kvir meg lika heise kvar gong den varme,gode og gjennomstrøymande strålen skal slukkast. Badet er varmt,dusjen er varm og eg er varm. Lika fullt skjer det. Dusjdøra skal opnast og eg skal strekke meg ut etter hånduken eg har lagt nærast mogleg for å gjera brrrrrrrrrrr opplevinga så kort som overhodet mogleg. Tørka meg frykteleg fort.




Det er heise kor kaldt vatnet vert i det dusjen stilnar. Verkelg viktig å få det kalde håret  surra inn i eit håndklede før det har klaska nedetter ryggen, vått, kaldt.  Så er det innsmørjinga. Lyt ha smørjing. Kkkkkaldt! Ullkleda heng klar. Kvar gong.  Dusjar kun om kvelden vinterstid. Gå ut med vått hår ein tidleg morgon er idioti for oss som frys lett. Tidlege morgoner ja. Eller sånn ca. Eg er ein av dei heldige som går i bilen litt over åtte så det kan vel ikkje kallast så tidleg. Uansett så er bilen min like frosen som dei fleste sin. Det å sitja seg nedi eit bilsete sjølv om du har motorvarmar (for den hugser eg å programmere 1 av 50 moglege) er ISkaldt. Eg eig ei ulltruse. Sjølv den tek ikkje utonna denne frosten som sånn dann og vann ender i UVI. Og det er ilt! (til eventuelle menn som les, UVI=Urinveisinfeksjon. Lett å få for damer som frys på rompa) 

Oppi all denne frysinga har eg på denne glade dag funne fram det eletriske ullteppe.




Og no gler eg meg heise til å krype under dyna. Det var i det minste ufyseleg kaldt i går. Oljeovnen hadde takka for seg. Ingen her i huset hjå dei rare er noko tilhengjar av kalde soverom. Me likar varme. Varme,varme soverom. Og eletriske pledd. Me har fleire faktisk og desse er det blest om. Dette er eit velmeinande tips til alle andre som ikkje likar å fryse og finn det å ligge seg som ei meir eller mindre sjokkarta oppleving i desse dagar. Løp og kjøp!!!! Skit i om du føler deg for ung. Det er ingen som ber om legitimasjon. Du kan vera så ung du vil. Spander no heller ei litt krøkketta gange om det skulle følast betre. Folk med stiv kropp er påkrevd varme senger. Har eg høyrt. Eg er 40 og eg elskar varmeteppet som eigentleg er gubben sitt men han lova 08.08.08 å dele alt han eig med meg. Så det! Vilde på 16 har knabba broren sitt. Han lyt få eit nytt. 

 

- ei eletrisk redning. Rett og slett :)

 

 

Bysheimwood husmora ;)

I aldri så lang tid har eg hatt eit fjolleta ynskje like sterkt som illeluktande gamalost. Eg har nevnt på det i tide og utide men mest opp under type dagar som bursdag,morsdag eller jul. Så kom også denne julafta etter det typiske mykje jobb og lite husstell men alt var på plass uansett. Eg sat med pakka frå husfaren. Aaaaalt for liten for det eg ønska meg mest men nett passeleg størrelse for noko så heise flott og svært så romantisk som ein potetskrellar!!! De las rett ja! Føyer seg inn i rekka saman med oljeovn! Snømåka! Stauka! Og handduker! Alt til meg over ei årasvis rekkje på 17 vintrar! Frå gubben. Så potet skrellaren vart lagt til side med eit lite husmorgrynt der ein kunne høyra husfaren mumla i bakgrunnen om at det var no noko eg trong iallefall.




Jaja, skulle vel verta godt å sleppa skrella huden av desse potetena med ostehøvelen. Det er no ofte sånn at når ein treng kjedelege og teite ting så kjem ein ikkje på det når ein er i ein rett type butikk. Då kan dei like godt dukka opp under julatreet, synes nokon ;) Men årets julakveld story slutter ikkje her.

For her er det eg vert litt sånn ekkel diveta, altså som i Hollywood diva. Og sjølv om eg er stor tilhenger av det perfekte uperfekte så er eg midt opp i alt det ei dameta dame som leeeeenge har hatt ein kvalm og deilig drøym. Gubben har snøfta, ledd lettare sarkastisk og rista på toppetasjen.

Men i den siste , aller siste pakka under treet i år opna eg denne herlege,herlege skapningen eg så lenge har drøymt om. Vurdert å kjøpe sjølv men det er jo alltid noko ein treng meir. Men der. Under papp og papir. Tape og bånd openbara det seg, Ein draum, ein sann draum  av av ei heilt aldeles perfekt  KAFFIMASKIN!!!!!!!  

JAAAAAAAAAA!!!!!!!!  Øyremerka soverommet!!!!!

Praise the Lord og alle andre som har hatt ein finger med i spelet! For der skal ho stå. Oppå nattbordet som no skal ryddast. Nettopp nett attmed senga. Nettopp sånn som eg har hatt draumande draumar om. Ei kaffimaskin på soverommet må vera toppen av lykke ein tidleg morgon. Tenk då, berre strekka ut venstre armen. Finna ein knapp å trykka på. Høyra ei varsom during spela "kjæleiksongen" så kjem det svart gull sildrande ned i koppen. FØR ein i det heile har plassert disipplane sine på golvet. LUKSUS!!!!!! Eg skal pleia deg du kjære kaffimaskina mi som om du var mitt tredje fødte born ;) Eg skal smila til deg kvar enda morgon uansett :)


Her e`ho <3 Som ei vennleg eit auga bestevenninna <3

 Kaffi på senga har alltid vore den mest perfekte start på dagen heilt sidan eg passert det 20ende året ein gong på 90-talet. Snille,snille gubben min <3 Eg er så glad !!!!!! Du fixa optimal lykke ! Igjen ;) <3 

Kvalmande happy helsing ut til andre koffein slaver, kom innom då! Så skal eg pila opp på soverommet og finne gorgeous coffee :-) Heilt sant!

Og til alle som suser forbi anten i bilen sin eller pr. fots. når altanen vår er på plass vil de nok no og då spotta ein raud hatt, store solbriller og ein kaffi kopp. Ikkje køyr av vegne eller stomp nedi grøfta. Det er berre meg som leiker Hollowood frue ....olallaaaaaaa <3

 

 

 

Klar til jul-hurra :)

Stolt og glad går eg ut med denne statusen om at no kan faktisk jula berre koma for eg er klar :-)

Her kan de sjå at eg har rydda og støvsugd brødskuffa.

Check!

 

Eg har spylt min gode ven boblebadet fritt for støv. Pynta til dels også som de ser.

Check!

 

OG eg har vaska meg under armane, TO gonger faktisk. Altså klar til jul :-)

Check!

Om nokon no vert stressa då dei ikkje har komen så langt som meg så ser eg den, ha meg unnskyldt! 

Med ynskje ut til alle med støv i badekaret om at også de finn tid til ein liten vask.

Takk for meg og god jul ;)

 

Les mer i arkivet » August 2015 » Juli 2015 » Juni 2015
gittemarirossland

gittemarirossland

41, Osterøy

Ei rar (på ein god måte vil eg håpa) husmor utan snev av sans for kjøkkensysler men med eit godt auge for det meste som er gøy! 40 stolte år! Har to fantastisk kjekke born, ein god & fin gubbe, 8 ekstrem frittgåande høns attåt to haner. Så finst det to skikkeleg rufstete utekattar, eit altfor stort hus og ein altfor stor hage (men trivs så heeeise godt med det allikevel :-) )

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits